KRAFTMARKNADEN


Det er lett å ta strømmen som kjem ut av stikkontakten som ein sjølvfølgje. Elektrisitet vert produsert i same augeblikk som den vert brukt, og dette vert planlagt nøye. Bruken skiftar frå minutt til minutt ettersom du set på vasskokaren og skrur av og på varmeomnar. Generelt er bruken spesielt høg på morgonen og ettermiddagen, og lågare på natta. Bruken er også vesentleg høgare på vinteren enn om sommaren, fordi vi brukar mykje strøm til oppvarming i Noreg.


Strømprisane varierer med etterspurnad og tilbod av strøm, og skal sikre at kraftmarknaden fungerer på ein måte som er gunstig både for forbrukarane og produsentane. Kraftprodusentane, kraftbørsen og systemoperatøren av strømnettet må planlegge og samarbeide for at vi skal få strøm akkurat i det vi set noko i stikkontakten.

PRODUKSJON AV FORNYBAR KRAFT


Vasskraft er ei fornybar energikjelde som er regulerbar. Vasskraft produsert i dei store vasskraftverka i Noreg har store magasin der vatnet vert lagra til vi har bruk for det. I staden for å produsere strøm på sommaren kan kraftprodusentane velje å spare på vatnet og heller produsere strøm på vinteren når det er større etterspurnad. Mengda vatn i magasinet varierer over året med snøsmelting, nedbør, strømproduksjon og energibruk.


Dette gjeld berre når vasskraftverket har eit magasin og kan lagre vatnet oppe i fjellet eller bak dammar. Produksjon frå elvekraftverk og frå småkraftverk utan vassmagasin vil variere over året, avhengig av regn, snøsmelting og frost om vinteren. Desse er ikkje regulerbare, men produksjonen er jamn og kan stort sett bli føresett og planlagt.



KORLEIS FUNGERER KRAFTMARKNADEN?


I 1991 vart kraftsystemet og kraftmarknaden i Noreg liberalisert. Det vil si at alle fekk rett til sjølv å velje kraftleverandør og kraftmarknaden vart konkurranseutsett. I Noreg er vi del av ein felles nordisk marknad for elektrisk kraft.


Kraftmarknaden kan vi dele i engrosmarknaden og sluttbrukarmarknaden. I engrosmarknaden handlar kraftprodusentane og leverandørane seg imellom og på kraftbørsen (Nord Pool Spot). På sluttbrukarmarknaden kjøper vanlege forbrukarar strøm frå kraftleverandørane som konkurrerer seg i mellom. Ulik industri og næring kan enten kjøpe kraft frå kraftleverandørane direkte på engrosmarknaden, frå børsen eller produsentane.


Spotprisen for strøm vert sett av marknaden og bestemt av etterspurnad og tilbod/produksjon av strøm. Marknadsplassen for kraft i Noreg og Norden er Nord Pool Spot. Noreg er knytt til den nordiske og europeiske kraftmarknaden gjennom overføringsleidningar til Sverige, Danmark, Tyskland og Nederland. Prisane her vert derfor også påverka av tilbodet og etterspørselen i Norden og på kontinentet.



ØKONOMISK OPTIMALITET


Det kan verke dårleg gjort, at kraftprisane er høge på vinteren når vi treng strømmen som mest, og at kraftprodusentane dermed får høgare inntekter. Men kraftmarknaden og konkurransen gjer at alle kraftprodusentane prøver å planlegge produksjonen sin optimalt over heile året, for å få så høg forteneste som mogleg. Når vasskraftprodusentane planlegg produksjonen rett, ut i frå kor mykje vatn dei har i magasina til einkvar tid, kjem det også forbrukarane til gode. Sjølv om strømprisen vert høgare nokre vintre enn det den ville vore dersom myndigheitene hadde sett prisen, vil forbrukarane spare over ein lengre periode.


Økonomisk seier vi at marknaden og konkurransen er eit insentiv til kraftprodusentane til å drive mest mogleg optimalt, og at dette gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst. Dersom myndigheitane regulerte strømprisane og sette desse fast, ville ikkje produsentane ha noko insentiv til å planlegge produksjonen, og vi kunne endt opp med å betale meir for strømmen.



KRAFTSITUASJONSRAPPORTEN


Vasstanden i magasina vert rapportert kvar veke av NVE gjennom Kraftsituasjonsrapporten. Den gjev ei oppdatering på magasinfylling, tilsig og vêr, produksjon og forbruk, utveksling av kraft med utlandet, kraftprisar (spotprisar, sluttbrukarprisar, CO2-kvoter, mm.), og nyheiter relevante for kraftsystemet.