Plusskunde

Plusskunde kraftavtaler


Kundar som produserer egen strøm, kan selje denne til oss. Reglane er slik at du må selje produsert strøm til same strømleverandør som du har på eige forbruk. Vi har 2 plusskundeavtaler: Solspot og Solkonto. Båe desse avtalene kan kombinerast med våre kraftavtaler.


OBS! Vi sel strøm kun i Skjåk kommune.



Solspot


Solspot er avtalen for deg med eigen strømproduksjon og som vil selje overskotsstrømmen som du produserer. Det betyr at i periodar du ikkje bruker all strømmen din sjølv, sel du overskotsstraumen til oss.


Aursjokraft kjøper overskotsstrømmen du produserer til Nordpool Spotpris (NO3) utan mva, påslag og fastbeløp. Det vil si at prisen du får for strømmen du produserer vil variere time for time ettersom når den er produsert. På fakturaen står antal kWh, sluttsummen og ein utrekna snittpris.

Solspot - Produksjon (sal)
SalsprisSpotprisOmråde NO3 Trondheim
Påslag0øre/kWh

mva

0%


Solkonto


Solkonto er avtalen for deg som har eigen strømproduksjon og som vil spare strømmen du produserer. Det betyr at strømmen du produserer blir spart opp på ein konto hjå oss, som du kan ta ut når du vil. Til dømes om vinteren når strømmen er dyrare.


Du kan spare opp overskotproduksjon av strøm på eigen Solkonto. kWh du har spart opp, må du bruke innan 18 månader.


Uttak: Når du vil ta ut kWh av Solkonto kan du gå inn på Mi Side og gjera uttak av konto. Vi kan også gjera dette for deg viss du er usikker på dette.


Pris:


Har du TimeSpot på kraftavtale, vil du få Spotpris (time for time, utan mva)


Har du Fastpris på kraftavtale, vil du få Fastpris på tidspunktet for uttak (utan mva)


Når du gjer uttak, vil dette framgå av faktura du får månaden etter.



Bestill plusskundeavtale
Kundeinformasjon
Informasjon om anlegget
Avtaletype
Eg samtykkjer til å motta direkte marknadsføring
Tilleggsinformasjon/merknad
* obligatorisk informasjon
Betaler eg nettleige på strømmen eg produserer


Nei, du betaler ikkje nettleige på strøm du produserer og bruker i din eigen heim. Du betaler heller ikkje nettleige på strøm du seljer ut på nettet.

Du vil få en reduksjon på nettleigen for at du bidreg til å redusere energitapet på strømnettet.

Kvifor er det forskjell på gjennomsnitt spotprisen på strømforbruk samanlikna med gjennomsnitt prisen på kraftkjøp på fakturaen?


Ettersom strømmen er timesmålt, så varierer spotprisen heilt ned på timesnivå. Som følgje av dette blir strømforbruket svært individuelt og det same blir prisen du får på strømmen du har selt.


Prisen du ser på fakturaen din er basert på kor mykje strøm du har brukt og når på døgnet du har brukt han. For at du skal sleppa å få ein faktura på mange sider med ein fakturalinje for kvar einaste time, så blir prisen slått saman til ein snittpris på fakturaen.


Det same gjelder for produksjon av strøm. Det avhenge av kor mykje strøm ein har produsert og klokkeslettet ein produserte strømmen på.


Strømforbruk og mengda strøm du leverer inn på nettet varierer også frå time til time. Dermed er utrekninga av pris gjeldande forbruk og innmating som kjem fram på fakturaen din oså to ulike reknestykke med ulike utgangspunkt.

Kan eg væra kunde med kun produksjon og ikkje forbruk?


Nei, reglane er slik at du må selje produsert strøm til same strøm leverandør som du har på eige forbruk.