NORDISK BALANSEAVREKNING (NBS)
Fingrid, Svenska kraftnät og Statnett vart i 2010 samde om å danne eit samarbeidsprosjekt for å opprette ein harmonisert modell for balanseavrekning for dei tre nordiske landa, kalla Nordic Imbalance Settlement (NBS).
Det må alltid vere balanse mellom produksjon og forbruk av elektrisitet. For å oppnå dette brukar TSOane regulerkraft som er innkjøpt på regulerkraftmarknaden. Ubalanse oppstår som fylgje av usikkerhet i planar eller avbrot i produksjon, forbruk og nett. Balanseavrekninga er derfor ein nødvendig funksjon i ein kommersialisert kraftmarknad. Fingrid, Svenska kraftnät og Statnett har historisk sett hatt eigne balanseavrekningssystem, og har vore ansvarleg for å overvake balansa i kraftsystema i Finland, Sverige og Norge. Fingrid, Svenska kraftnät og Statnett vart i 2010 samde om å danne eit samarbeidsprosjekt for å opprette ein harmonisert modell for balanseavrekning for dei tre nordiske landa, kalla Nordic Imbalance Settlement (NBS).
Formåla med den nordiske modellen for balanseavrekning:
- Balanseavrekning vert utført med så like prinsipp som mogleg gjennom eSett.
- Utforme og syrgje for at driftsforutsetningane for dei balanseansvarlege er like, uavhengig av elspotområde.
- Harmonisere reglar og standardar for informasjonsutveksling.
- Bidra til gjennomføringa av eit felles nordisk kraftleverandørmarknad.
- Ligge i forkant av utviklinga av balanseavrekning på europeisk nivå.
Les meir om Nordisk balanseavrekning (NBS)