Nord Pool og Statnett

NORD POOL SPOT OG STATNETT


Nord Pool Spot er ein nordisk kraftbørs og marknadsplass for omsetnad av kraft. Nord Pool Spot er ein av dei best fungerande kraftbørsane i verda!


Statnett er systemansvarlege i det norske kraftsystemet, og har det praktiske og utførande ansvaret for at produksjon og etterspurnad til einkvar tid er i balanse. Statnett driftar om lag 11000 km med høgspentliner og 150 stasjonar over heile landet. Dei har også ansvaret for forbindingar til Sverige, Finland, Russland, Danmark og Nederland.


NORD POOL SPOT


I kjølvatnet av liberaliseringa av kraftsystemet i 1991 vart det oppretta ein nordisk kraftbørs som skulle vere ein marknadsplass for omsetnad av kraft. Nord Pool Spot er eigd av dei nordiske landa i fellesskap, og er i Europa den ledande kraftbørs med kundar frå over 20 land. Enkelt sagt er dette ein marknadsplass for selgarar og kjøparar av kraft. Her kjøper alle leverandørar kraft frå produsentar til så låg pris som mogleg. Deretter sel dei krafta vidare til forbrukaren. Samstundes er det Statnett som har det praktiske og utførande ansvaret for at produksjon og etterspørsel til ein kvar tid er i balanse.


Nord Pool Spot balanserar produksjon og forbruk for kvar time kommande døgn. I "day-ahead" marknad vert kraft kjøpt og selt for det neste døgnet. Produsentane og forbrukarane må leggje inn bud for kjøp og sal av kraft, før klokken 12 dagen før. Det er omtrent 360 seljarar og kjøparar, som til saman legg inn rundt 2000 bud per dag. Prisen som klarerer marknaden er kalt systemprisen, det er krysningspunktet mellom akkumulert tilbod og etterspørsel, men tek ikkje i betraktning regionale skilnadar i nettkapasiteten. Det norske nettet består av 5 prisområde frå NO1 til NO5 som har eigne områdepriser.


På Nord Pool Spot sine nettsider finn du dagens og historiske kraftprisar for kvart enkelt område.

Ein slik prissetjingsprosess gjer at marknaden til ein kvar tid vil produsere krafta til så låg pris som mogleg. Prisen representerar både kostnaden for å produsere ein ekstra kWh av den dyraste kraften forsynt, og prisen forbrukarane er villige til å betale for den siste kWh som tilfredsstiller etterspurnaden.


STATNETT


Statnett, som er ansvarleg for å drifte kraftsystemet, krev at produsentane melder inn forventa produksjon eit døgn i forvegen. Dette kravet byr på utfordringar for vindkraftprodusentar som berre kan føreseie sin produksjon nokre timar fram i tid, men det er mogleg å justere produksjonsplanen inntil 45 minutt før driftstimen. Samstundes vert det arbeidd med å forbetre metodar for korttidsprognoser for vind (vindhastigheit, retning). Samanlikna med vasskraft er prognostisering og produksjonsplanlegging av vindkraft eit ungt felt.


Den mest fleksible kraftproduksjonen som vert brukt for å tilpasse produksjonen til ein kvar tid nøyaktig etter forbruket, vert kalla regulerkraft. Denne krafta vert handla i ein eiga marknad som vert kalla regulerkraftmarknaden og vert nytta for å justere inn produksjonen mot forbruk innanfor driftstimen. Med auka tilvekst av ikkje-regulerbar kraft vert det forventa at regulerkraft vil bli ein meir etterspurd ressurs. Regulerkraft kan bli ein verdifull salsvare til aktørar på kontinentet, som sitt med termiske kraftverk som er mindre egna til hurtig regulering. Tiltak hjå forbrukarnane kan og bidra til ein betre utnytting av kraftsystemet utan at brukarnytten minkar i verdi. Det er mogleg å flytte uprioritert forbruk frå høglast- til låglastperiodar. Ettersom den maksimale last er dimensjonerande for systemet, kan ein utnytte systemet betre ved ein jamnare belastning.


Statnett SF har ansvaret for å byggje ut og drifte sentralnettet i Noreg. Sentralnettet utgjer nettet med det høgste av 3 spenningsnivå som ledningsnettet for transport av strøm i Noreg er delt inn i. Dei andre nivåa er regionalnett og lokalt distribusjonsnett. Sentralnettet har dei høgste spenningsnivåa, vanlegvis 300 og 420 kilovolt og utgjer «riksvegane» i norsk kraftforsyning.


Statnett er ansvarleg systemoperatør i Noreg, så kalla ”Transmission System Operator” – TSO. Det er bl.a. TSOen som fastset krav for nettilknyting av nye produksjonsanlegg. TSO-rollen inneber også ansvaret for å balansere det norske systemet slik at produksjon av kraft til ein kvar tid er lik forbruket. Statnett er også sentral når det gjeld utvikling og drift av overføringssambanda til utlandet. Her samarbeider Statnett nært med andre land sine TSOar, bl.a. Svenska Kraftnät.


I perioden 1945 til 1990 auka den årlege produksjonskapasiteten frå vasskraft med ca. 100 TWh. Utbygginga av overføringsnettet heldt ein tilsvarande takt for å ha tilstrekkeleg kapasitet til å overføre krafta frå vassressursane til forbrukarane. I denne tida var den norske kraftmarknaden styrt av oppdekningsplikt og fastkraftforpliktingar. Myndigheitane og bransjen sjølv påla dei enkelte kraftselskapa å investere i ny kapasitet eller inngå kraftavtalar som gav dekning i ni av ti år. I gjennomsnitt gav dette eit kraftoverskot som vart eksportert til våre naboland. Ein hadde stort fokus på den norske kraftbalansen, det vil si at norske kraftverk og overføringsliner skulle kunne dekkje brorparten av elforbruket vårt. Det tydde bl.a. at det var tilgangen på energi i år med lite nedbør (tørrår) som vart lagt til grunn for planlegginga av kraftutbygginga.


Frå 1991 førte den nye energilova til effektivisering og større kostnadsbevisstheit i drifta av kraftnettet. Dette har ført til omfattande kostnadseffektivisering dei siste par tiåra, der investering og oppgradering av nettet har vore utsett lengst mogleg for å optimalisere lønsemda. Ein er nå kome i ein situasjon der delar av det norske kraftnettet har nådd sin maksimale levetid og er klar for utskifting. Det er av den grunn kome stadig tydelegare krav frå myndigheitane om vedlikehald, modernisering og utskifting av gamle liner for å kunne oppretthalde tilfredsstillande forsyningssikkerheit.


Statnett har planar om ein kraftig opprusting av det norske sentralnettet, noko som vil føre til store investeringar dei næraste åra.


På Statnett sine nettsider kan du lese meir om det norske sentralnettet.

Det pågår ein debatt om det skal bli bygd fleire høgspentforbindingar til utlandet for å kunne leggje til rette for auka import/eksport og utnytting av balansekraft frå Noreg mot kontinentet.


Ei utfordring som har vist seg stadig meir krevjande å handtere dei siste åra, er korleis ein skal fordele kostnadene med tilknyting av ny produksjon til nettet dersom den nye produksjonen krev oppgraderingar av nett før den kan bli kopla til og sett i produksjon. Fleire stader særskilt på Vestlandet og i Nord- Noreg er det eit problem at planlagde småkraftverk ikkje kan bli sett i drift pga. at det ikkje er kapasitet i nettet. Avgrensingane kan enten liggje på nivået til distribusjonsnettet, regionalnettet eller sentralnettet. Det er utbyggjar som i utgangspunktet skal bli belasta for desse kostnadane gjennom ordninga med anleggsbidrag.